Jens Nielsen
(Cir 1540-)
Tyge Jensen
(Cir 1570-)
Marte Falentiusdatter
(-)
Peder Tygesen
(1616-1686)

 

Family Links

Spouses/Children:
1. Kari Finneid

2. Asborg Halvorsdatter

Peder Tygesen 1

  • Born: 1616, Finneid, Drangedal, Telemark, Norway
  • Marriage (1): Kari Finneid
  • Marriage (2): Asborg Halvorsdatter in 1663
  • Died: 1686, Finneid, Drangedal, Telemark, Norway aged 70

  General Notes:

: "Ein
kan ikkje finne at Tyge og Marte hadde meir enn ein son: Per Tygeson, som bruka Finneid frå 1650 til han døde. Han var fødd 1616, 5 år etter presten kom, og soleis fødd i Drangedal.

Gift mellom 1637 og 1649 med "Kari" Finneid: "Per må ha blitt gift etter 1637, for då fekk han ikkje mindre enn 12 rdl. i bot for "et Qvindfolk ved navn Guri Bernsdotter, som han hadde begangen leiermaal med". Men det må ha vore føre 1649, då hans fyrste born blei fødd.

Om tilstanden på Finneid den tid (ca. 1664) skriv presten Niemann: "Fineid har i fordums tid været brukt til prestegaarden, men er framkommet formedelst Marte Phalentinsdatter, fordum presteenke her paa stedet, som dermed blev aflagt at bruge til enkesæde til livs ophold hvilken gaard hendes søn Peder Tygesen, som den endu bruger imot ordinans og reces, som tilholder og bevilger de prester, som er brøstholdne paa jord at bruge, at de skal have fortrinsret fremfor andre. Men han har taget den i førstebøgsel av Kgl. Mays. Foged Peder Hansen og har Presten til største betryk og skade bragt." Per hadde 1661 søkt til statsholderen, Ivar Krabbe, om lov til å bruke Finneid og fått det. Asborg hadde fått flere av de mange gårdene til første mannen sin, m.a. Oseid, Søndre Tørnes, Lundereid og en part i søndre Kalstad."

"Per og Asborg var i eit brudlaup på Henneseid. Der var og Tor Verpe og kona hans, Gunhild, som var dotter til Asborg, med Aasulf Henneseid. Då det leid ut i brudlaupet, egla Tor seg inn på Per, og der blei slagsmål - dei spende belte, seier noka-. Per tapa, og dei sette seg på kvar si side av bordet. Tor drog kniven og ville bruke'n på Per. Per såg det, fekk kniven opp i ein fart. han stakk under bordet og beint i magen på Tor. Blodet spruta ut og heilt på veggen, der det synte seg lenge etter. Tor døde av stikket. Asborg hadde tatt ut og opp Tokevatnet for å kome til Finneid. Per for etter ho i rasande sinne, då han meinte det var hennars skuld. No blei han fredlaus og gøymde seg under ein heller i Josurheidskogen. Den heiter den dag i dag "Per Finneids heller". Ein husmann han trudde på, skaffa han mat. Imens gjekk saka for retten. Han avtala med husmannen, at han skulle gje'n signal når dommen var fallen. Det skulde skytast 2 skot om han blei dømt, og 3 dersom han blei frikjent. Ein dag Per var nede i ei tjenn tett ved og bløytte lefse, small det 2 skot. Han trudde han var dømt og blei reint vonlaus. Endeleg kom det tredje skotet, som det vara lenge før husmannen fekk til å brenne. Han blei frikjent, for det var avtala millom Asborg og Tor at han skulle drepe Per."
Dette fortalde m.a. Albert Tyvand i Sannidal - 91 år - (dette ble skrevet i 1924) som er ein ættling av Per, og som har knivven han stakk Tor med. han fortalde og at aktene i saka låg på Lundereid for ikkje so svært lenge sea.

"Det var nok ikkje noko godt forhold millom Per og Asborg på den tid" fortsetter Sannes (og dette er vel et mildt understatement hvis kona hadde forsøkt å få ham drept). "Det er truleg at det var for å rette på det, at Per 1671 fekk gåvebrev av Asborg på garden Lundereid. Denne garden pantsatte han 1682 til amtmann Adeler for 320 rdl. Han gjorde det med samtykke av kona si. Adeler fekk og forkjøpsrett til det som blei drive frå skogen. Under pantebrevet har Per sett bumerket sitt. Det tyder på pengemangel, at han pantsatte garden. Dei budde ei kort tid på Lundereid. Endå so mange eigedomar dei hadde, levde og døde dei som bruksfolk på Finneid. Per skulle vere ein morosam mann med mange innfall og småstreker. Presteson som han var, og ein rik mann, la nok bygdefolket merke til han. Der er fleire fortellingar om han, som held seg enno." (1) Gift mellom 1637 og -49, med "Kari" Finneid, f. rundt 1620, d. ca 1659 på Finneid, Drangedal. (2) Gift 1664, med Asborg Halvorsdatter Henneseid, d. 1691. 2


Peder married Kari Finneid. (Kari Finneid was born circa 1620 and died circa 1659 in Finneid, Drangedal, Telemark, Norway.)


Peder next married Asborg Halvorsdatter in 1663. (Asborg Halvorsdatter died in 1691.)


Sources


1 Arne Trippestad (arne.trippestad@broadpark.no), Gunhild Sørensens anetre.

2 Ibid, Drangedal med Tørdal. Ei bygdesoge, p 415.

Updated 14 June 2008. Contact: Ken Nygaard    My Home Page